anne britt ylvisåker
heim     fagfelt     førstekonservator     forskar     formidlar     forfattar     kontakt    

førstekonservator

arbeidsstad

Frå 1996 har eg vore førstekonservator ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, som etter konsolidering i 2007 vart ei avdeling av Kunstmuseene i Bergen.

ansvarsområde

Eg er avdelingsleiar for samlingane ved Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum, og fagansvarleg for glas, keramikk og tekstil generelt, og samtidskunsthandverket spesielt. I tillegg er eg koordinator for dokumentasjon og registrering ved Kunstmuseene i Bergen.

Hovudarbeidsfeltet mitt er samlingsforvaltninga, og i 2006 var eg prosjektleiar for registreringsprosjektet "Sans for samling", der avdelinga digitaliserte gjenstandsinformasjonen om dei 35000 gjenstandane våre.

Som fagansvarleg er eg museet sin representant i Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk, og har leia prosjekt knytt til fagfelta mine, som "Brennpunkt Bergen" (2002) i samarbeid med Kunsthøgskolen i Bergen, og "Strikk7" i samarbeid med Høgskolen i Sogn og Fjordane.

forskingsfri

Frå 2009 har eg 60 % forskingsfri frå Kunstmuseene i Bergen for å arbeide med "Ting, tang, trash - å samle søppelkunst på museum i ei virtuell tid", eit delprosjekt av K-verdi, administrert av Kunsthøgskolen i Bergen, og finansiert av Norges Forskingsråd under forskingsprogrammet "Kulver".